Referat og aktivitetsplan frå møte i Fuglehundgruppa 23.03.09

Det var 9 engasjerte medlemar som møtte til idédugnaden på Furuholmen (fleire som beklagde at dei ikkje kunne stille). Vi gjekk gjennom eksisterande aktivitetar og tilbod, og fekk friske impulsar til nye. Noko må styrebehandlast, og vert lagt fram kanskje alt i dag 25.03 på styremøte.

Vi starta med gjennomgang av jakt og treningstilboda. Der konklusjon på jaktdelen er at det er igjen var eit botnår på Nes med tanke på fuglebestand.Og stenging av vinterjakta er fornuftig. Avtala er reforhandla for 3 nye år. Husk Jaktkort eller treningskort. Når det gjeld området FJFF leiger i Florsheia/ Gaular, ynskjer vi å få arbeidd vidare med tilgang til trening og jakt med hund.

< Eit felles stikkord for problematikken ovanfor er TAKSERING. Dette er eit tilbod vi med fuglehund kan gje rettighetseigarane, der fuglebestanden kan talfestast med linjetaksering. Det vert stillt kvalitetskrav til ekvipasjen - dvs. hunden må ha erfaring, og vere sauerein. Eigaren må vere kjend med prinsippet om linjetaksering, og bruk av GPS. Dette krev seriøsitet og engasjement. Difor vil vi igjen oppmode fylkeslaget å få etablert ein Fylkesinstruktør Taksering, som igjen kan få utdanna fleire ekvipasjar med autorisasjon. Ein del har kurset i dag, men vi treng fleire. Dette er ein nyttig forvaltningsreiskap til seriøse jaktutleigarar, som vi kan tilby. På sikt er det aktuelt med både vår og haust taksering.

Grunneigarane på Grøfjell har signalisert til oss at dei ynskjer eit tilbod. Dette har vi stilt oss positive til. Vi veit og at den nye avtala som fylkeslaget har med grunneigarane på Gaularfjell (sjå fylkeslagsidene), har taksering som eit av forvaltningstilboda.

Gaularfjell er eit kjempetilbod for oss med fuglehund. Takk til fylkeslaget for ein glimrande innsats. Dette må vi som ynskjer treningstilbod vere med å støtte opp om. Betal treningskort og tren i flotte terreng, med god fuglebestand. www.njff.no portal sogn og fjordane.

Lokalt på Havikbotn står vi framfor eit spennande år med tanke på arealbehovet for Fjord Base, men vi held fram til gravemaskinene dunkar oss i hovudet (eit år til??). Vi satsar på ein ny frisk start, med fast treningsdag onsdagar kl. 18.00. Etter ynskje frå brukarane satsar vi no på dressur og ikkje "lufting" denne stunda. Robert er hovedansvarlig, og legg opp til individuelt tilpassa dressur, slik at alle skal kunne få eit utbytte uansett nivå og mål for slutt resultat. Med det håpar vi no å kunne få nytta alle treningsmulighetene vi har på havikbotn på eit betre måte. (info kjem seinare)

Status medlemsfordelar er at trass ei viss prisauke (sentraltstyrt), er fortilbodet SPORTMANN`S PRIDE godt motteke av medlemane. Kvalitet, pris og tilgang er vektlagde faktorar, og vi forsetsom før. Meir info. Rune 95817577. Det er no 58 foreiningar som nytta tilbodet.

Minner om dressur og jakt filmar FJFF eig, som kan lånast med Rune.

Vi hadde og oppe tema om rabattavtaler på butikkar med utstyr tilpassa våre behov. Pr. i dag er det gjeldande 20-30% rab. avtale med DIN SPORT i Førde. Det er Fylkeslaget som har forhandla fram denne. Meir info på deira sider. Men om denne avtala er god nok for medlemar med jakt-fiske-hund- og skyteinteresse er eit anna spørsmål. Difor er det eit ynskje at fylkeslaget tek ei ny runde på dette for å få eit tilbod som dekkar fleire av medlemane, med eit større medlemstal i forhandlingsgrunnlaget. Dette gjev betre tyngde enn om vi held fram med avtaler innfor lokallaga.

Aktivitetslista 2009 ser sålangt slik ut:

    - sauereinhet mai/juni, vert annonsert i sms. fjff.net og Firdaposten.
    - medlemskveldar. tema: foring/førstehjelp til hund osv. tema: dressur tips og råd. Her tenker vi større samarbeid regionalt. Vi skal ta kontakt med våre artsfrendar innafor vedr. dette.
    - plan for skytetrening må jobbast med etterkvart som vi ser utviklinga på Grovastøylen.
    - Havikbotn onsdagar, som nevnt over, ellers brukt som før.
    - vi har vore inne på tanken om apportkurs/ fellestrening. Dette må vi lodde stemninga for på samlingane onsdagane.
    - ei felles trening/samling på Gaularfjell, når ny sesong startar til hausten.
    - eventuelt som de måtte finne interessant får plass vidare nedover på lista.

Tilslutt minner eg om bandtvangen som er like om hjørnet!!

Fuglehundutvalet 2009.
Rune Olsbø, Ole Giil, Robert Veseth, Knut Broberg

     

 Leiarens hjørne 


Klikk her for resten.