Treningsavtale Grøfjell

Vi har fått avtale i perioden 01.09.07 tom. 31.03.08.( 01.09.07 tom 09.09.07 i avgrensa område). Grunna beiteforholda ville grunneigar at trening med fuglehund skulle starte seinare også i år. I normal år vil det vere start 21.08, som tidlegare.

Det er som før nokre krav til den som trenar:

  • medlemskap i FJFF.
  • godkjent sauereinhets bevis, som skal leverast til underteikna. Som igjen levere kopi til grunneigar.
  • melde i frå om sau på beite og event.rovdyrspor (eks jerv). Tlf.57744912
  • gjere seg kjent med grensene og trenings tidene som gjeld i området. Kart vert utlevert av underteikna,
NB ! Husk bandtvangen fram til grensa for treningsområdet.

Når det gjeld kart over området og dei ulike treningsområda, vert dette utlevert av underteikna.

For dei som kjøper jaktkort på Grøfjell, er det frå grunneigar si side oppmoda om at vi tek ut predatorar som for eksempel kråker, ravn, røyskatt, mår og rev i henhold til jakttider for dei enkelte artane. Inntil vidare, kun innanfor ordinær jaktperiode for ryper.

FJFF
Fuglehundgruppa

Rune Olsbø

     

 Leiarens hjørne 


Klikk her for resten.