Flott treningstur på Gaularfjellet 31.03.07
Fjellet var i den flottaste påskedrakt, då 10 mann og 14 hundar forlot oljegrusen, og gjekk seg ut på turboføret.
Etter forholda er det godt med fugl i treningsterrenga på Gaularfjellet, og med fugl i så godt som alle slipp, vart dette ein dag der alle hundane fekk sin sjanse.
Det inneber naturlegvis ikkje at alle greidde å handtere den vaktsomme og springande fuglen, men dei mest erfarne viste oss korleis også det var mulig.
Ei flott avslutning før bandtvangen, med eit gledeleg stort oppmøte.
Rune Olsbø
Alle foto: Rune Olsbø

"...uten mat og drikke, duger helten ikkje..!"

Arvid Holme trøyster seg med ein klunk ifrå termosen, og lurer på om langlina i sekken må brukast idag...!

Til høgre står Robert Veseth og smører for meir fart, medan Olav Håkonsen sit og funderer på om han skal smøre Nikita sine potar med sirup...(ho starta litt for lettbeint idag).
Henning Fureli i midten viser med kroppsspråket kor godt fornøgd han er med årets ungpointer Kira.

Svein Gravdal og Stina vart Ørskogfjellets beste UK/AK med 1AK. Dei gjorde det omlag like bra denne dagen.

Syng med!!
Det er Henning i raudt, kvitt og blått (litt brunt og grått).

Her hadde vi leika Columbus, og erobra nytt land. Vi såg for oss eit dalføre med kolossale bjerkekjerr og ditto rypeforekomstar.
Det vart vel høgst 3 1/2 bjørk, resten månelandskap, men vi fekk helsebringande trim.

Her viser Breton Stina (nede til høgre) korleis det skal gjerast. Den som ser dei 4 rypene som også er i bildet, slepp i allefall å gå til optikaren
|