Leiaren har ordet...

 

Leiaren

FJFF i medvind.

Foreininga har lagt bak seg eit år med kjempeinnsats frå medlemmane. Mange dugnadstimar er lagt ned i utvala, og viljen til å skape resultat har vore eineståande.

På Grov har vi no fått muligheit til å gjennomføre skytetreningar og legge til rette for konkurransar, opplæring – og ikkje minst har vi no skapt eit skytemiljø for nye og etablerte jegerar.

Vi kan tilby jakt og fiske på eigne eksklusive rettar. Avtalane vi har på desse områda er i samsvar med lokallagets høge etiske ansvar i forhold til kultivering, og bestandsikring. Vi legg ned eit betydelig arbeid i predatorkontroll og rapportering, alt for at medlemmar skal ha det beste utgangspunkt når jakta startar.

Mykje arbeid er lagt ned i felt for å sikre foreininga desse tilboda. Likevel skal også administrative oppgåver gjennomførast før vi er klar med det praktiske. Her har foreininga hatt flotte representantar i styringsgrupper og offentlege utval, som har lagt ned mykje tid i plan og prosjektarbeid.

Foreiningsaktivitet går ofte i bølgjedalar, og ikkje alle medlemmar føler at dei er vorte høyrte i forhold til sin aktivitet. Her er det som med alt, ein prioriterar utifrå situasjon og behov. Skytebana har fått ein høg prioriteringsfaktor av de dette var eit manglande fundament i foreiningas virke. Når vi no ser at den vidare prosessen er under kontroll, kan vi flytte fokus over på aktivitetar som er like viktige, men som kanskje ikkje har fått same merksam.

Foreininga har eit mangfald av særinteresser - fiske, jakt og hund er basis for mange retningar innan områda. Derfor vert det viktig framover å skape plass og rom for alle, slik at ein ikkje missar nokon på vegen. Utvala her er i særstilling det beste verktyet for å skape aktivitet og signalisere behov. Men utvala skal også fyllast med resursar, for at gode resultat skal haustast. Både midlar og personell må til for at tilbod skal vere tilgjengelig også i framtida. Vi håpar derfor att mange fleire kan finne det attraktivt å vere med i planlegging og gjennomføring av foreiningsaktivitetar frametter.

Siste medlemstal syner over 200 medlemmer i Flora Jeger- og Fiskerforening. Vi er i medvind og har ein fin flyt på organisasjonen vår, igjen er dette er eit resultat av kjempeflott innsats av lagets medlemmar - godt arbeide!!!

Ynskjer alle ein strålande sommar :)

     

 Leiarens hjørne 


Klikk her for resten.