Siste nytt i foreninga

23.04.08
Sjøaurekonkurransen 2008.

Laurdag 26.april vert det arrangert konkurranse i sjøaurefiske. Konkurransen er landsomfattande med sekretariat langs heile kysten. Flora jeger – og Fiskerforening har møtestad på Furuholmen ved klubbhuset, og sekretariatet der er ope frå kl. 10.00 på laurdag.

Konkurransen startar kl. 12.00 på laurdag, og varer til Søndag kl. 10.00

Meir info og konkurransereglar her


21.04.08
Fuglehundgruppa inviterer til idedugnad på furuholmen.

Onsdag 23.04 kl 19.00

Vi håpar at mange kan komme, slik at vi får ei så innholdsrik aktivitetsliste som mulig. Kom og få ein kopp kaffi, og legg fram ynskja dine!!

Mvh. Rune.

 

 


12.04.08
Kastekurs for laksefiskarane.

Tysdag 6. mai vert det kurs i kasteteknikk med tohands flugestang.
Kurset startar klokka 18.00 og vert arrangert i austleg ende av Storevatnet - sandstranda.

Pris: gratis for medlemmar og dei som meld seg inn, elles kostar kurset kr. 500,-

Instruktør vert Per Langedal.

 


02.04.08
Snart leirdueskyting i FJFF.
Baneutvalet var i kveld på synfaring i det nye området for hagletrening. Og takka være svært generøse grunneigarar. nærmar det seg no oppstart av skyting i masseuttaket ved Botnastranda.

Her vart løysingar kring plassering av leirduekastar vurdert, samt oppmåling og berekning av skytesektorar. Avstandar, sikringsoner og nedslagsfelt er forhold som krev grundige vurderingar, derfor har dette og høgaste prioritet i planlegginga av jegertrapbana. Skytinga startar opp i førstninga av mai, og vi ser fram til å blåse støvet av børsepipene, Dei har alt for lenge kvilt i våpenskapet i påvente av Robek kommunens handtering av skytebaneprosjektet på Grovastøylen.


30.01.08
Endeleg er første måren teken.
Då er den fyrste måren teken ut av Caniafella til FJFF på Nes. 20. januar er ein merkedag for felleprosjektet. Det er med stor glede ein predator er sendt til dei evigejaktmarker for å hauste av rypeoverskotet der, for her treng vi mindre av desse. Kva vi skal gjere med måren vert bestemt etterkvart. Det er enno tid å vere med på røktinga av fellene, ta gjerne kontakt!! Rune Olsbø. tlf. 95817577
Klikk her for bilde av måren.
03.01.08
Planlagte aktivitetar i 2008.
Masse aktivitetar for ungdom i 2008! Klikk her for full oversikt.
21.12.07
Stopp i rypejakta.
Rypejakta på Vona avsluttes per 31.12.07
22.10.07
Fleire nye bilder.
Fleire nye bilder er lagt ut. Sjå dei her
21.10.07
Nye bilder.
Steinar Tonheim har sendt inn nokre bilder frå jakta i haust. Sjå dei her
22.09.07
Leirdueskyting.
Snart får leirdueskyttarane til Flora Jeger- og fiskerforening vite om dei får bruke steintaket i Botnastranda til mellombels leirduebane. Les meir her
11.09.07
Opplæringsjakt på Bjørnset.
Tilbudet på opplæring i hjortejakt har fortsatt 3 ledige plasser. Dersom du ikke har kontakt med et eget jaktlag er dette et kjempetilbud. Bjørnset er et topp vald med mye dyr, og jaktlaget har masse av kunnskap og erfaring som de ønsker å dele med andre. Er du interessert så kontalt: Kjell Hareide på tlf: 47 80 20 74.
11.09.07
Småviltjakt på Vona, Naustdal.
Dette er stedet for alle, også de som jakter med hund. Kortsalget har startet og første jaktdag er mandag 17/9. PGA dårlig innrapportering fra jakta i fjor så er det noen som må sette seg ned med rapporteringsskjemaet sitt før de får kjøpe kort for i år, nemlig!
Kortsalg kontakt: Steinar Tonheim, tlf: 91 79 22 09.
11.09.07
Småviltjakt på Florsheia/Stordalen, Sande.
Småviltjakt uten frittgående hund.
Kortsalget har startet og første jaktdag er torsdag 20/9, (kan starte før dersom sauesankinga er ferdig) Området leies sammen med Gaular JF. Området har noen fine fiskevann.
Kortsalg kontakt: Steinar Tonheim, tlf: 91 79 22 09.
08.09.07
Smått om småvilt
Mandag brakar det laus! Både småvilt og storviltjakta starter. Vi presenterer i den anledning litt info om vårt vanligste småvilt, rype, orrfugl og storfugl. Les meir her. God jakt!!
02.09.07
Treningsavtale, Grøfjell.
Vi har fått avtale i perioden 01.09.07 tom. 31.03.08.( 01.09.07 tom 09.09.07 i avgrensa område). Grunna beiteforholda ville grunneigar at trening med fuglehund skulle starte seinare også i år. I normal år vil det vere start 21.08, som tidlegare. Les meir her
24.07.07
Forumet er no åpent for alle!.
Du trenger no ikkje å registrere deg for å svare på/lage nye tråder. Du kan med andre ord være anonym om du vil. Vi setter allikavel pris på at debattanter registrerer seg.
Klikk her for å gå til forumet
10.04.07
Flott treningstur på Gaularfjellet
Fjellet var i den flottaste påskedrakt, då 10 mann og 14 hundar forlot oljegrusen, og gjekk seg ut på turboføret. Les resten og sjå bilder her

 

     

 Leiarens hjørne 


Klikk her for resten.